Hvem vi er
1 Innleiing
Sandal support («vi») er opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi behandlar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa forklarer vi kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi brukar denne informasjonen og korleis vi tek omsyn til ditt personvern.
Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan til dømes være namn og kontaktinformasjon, kjøpshistorikk eller informasjon om interesser.
Bruk av personopplysningar må følge personopplysningslova. Vi, som behandlingsansvarleg, vil syte for at vi brukar personopplysningar om deg i samsvar med lovens reglar.
2 Kva personopplysningar har vi om deg
Avhengig av kva informasjon du gir oss, korleis du brukar våre tenester, og kva løyve du gir oss, har vi desse opplysningane om deg:
- Opplysningar om deg: Informasjon du gir opp når du kjøper ei vare eller teneste, som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og personnummer/fødselsnummer.
- Kjøpsinformasjon: Informasjon vi får når du kjøper produkt eller tenester frå oss, som kva du har kjøpt og betalingsmetode (t.d. Visa, faktura, vipps).
- Kommunikasjon: Informasjon du gir oss når du har kontakt med oss elektronisk, som e-postar sendt mellom oss, bruk av kontaktskjema, facebook messenger eller liknande.
- Opplysningar om bruk på nettsidene: Informasjon vi får når du brukar vår nettside, som kva slags eining du har (t.d. mobil eller PC), IP-adresse, kva sider du besøker og kva funksjonar du brukar der.
3 Kva brukar vi personopplysningane til
Vi brukar personopplysningane dine til følgande føremål:
- Tilby nettside: Vi brukar opplysningar for å tilpasse vår nettside til det tekniske utstyret du brukar. Vi kan også bruke opplysningane til å tilpasse innhaldet på vår nettside til kva vi trur du er interessert i.
- Gjennomføre bestillingar og kjøp: Vi brukar opplysningar for å gjennomføre ditt kjøp, bl.a. for å sende deg kvittering, faktura, motta betaling og lagre kjøpshistorikk.
- Opprette leigekontrakt for leigebil: Vi brukar opplysningar dersom du opprettar leigekontrakt for å leige varebil, bl.a. for å sjekke at du er den du seier du er, oppslag i førarkortregisteret, for å lagre din kontaktinformasjon og betalingsinformasjon.
- Kundeservice: Vi lagrar opplysningar som du gir og mottar dersom du har kontakt med oss for å yte service og administrere ditt kundeforhold.
- Statistikk: Vi utarbeider statistikk og kartlegg marknadsstrendar for å forbetre og vidareutvikle våre produkt og tenester. Så langt det er mogleg gjer vi dette med anonyme opplysningar, utan at vi veit at informasjonen er knytt spesifikt til deg.
Det rettslege grunnlaget for føremål 1, 4 og 5 er vår berettigede interesse i å kunne tilby, vidareutvikle og marknadsføre våre tenester.
Det rettslege grunnlaget for føremål 2, 3 og 4 er for å oppfylle vår kontrakt med deg.
Det rettslege grunnlaget for formål 5 kan også være ditt samtykke, dersom du har gitt oss dette.
Innebygd innhold fra andre nettsteder
Foreslått tekst: Artikler på denne siden kan inkludere innebygd innhold (f.eks. videoer, bilder, artikler osv.). Innebygd innhold fra andre nettsteder oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkende hadde besøkt nettstedet som det innebygde innholdet kommer fra.
Disse nettstedene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapsler, bygge inn sporingssystemer fra tredjeparter og overvåke hva du gjør via dette innebygde innholdet. Dette omfatter også sporing av handlingene dine via det innebygde innholdet dersom du har en konto og er logget inn på nettstedet.
4 Kven deler vi personopplysningar med
Vi deler personopplysningar med selskapa som leverer tekniske og administrative tenester til oss, slik som IT-leverandørar. Vi har avtalar med desse for å sikre ditt personvern.
Vi kan utlevere opplysningar i enkelttilfelle, eksempelvis til offentlege myndigheiter, ved mistanke om lovbrot.
Vi nyttar oss av IT-leverandørar utanfor EØS. Dersom vi overfører personopplysningar ut av EØS, syt vi for å sikre personvernet gjennom inngåing av kontraktar.
Vi kan for øvrig dele anonymiserte opplysningar med samarbeidspartnarar for bl.a. marknadsanalyser og tenesteutvikling.
5 Kor lenge lagrar vi personopplysningar
Vi lagrar opplysningar om deg, berre så lenge det er nødvendig for å oppnå føremålet dei blei innhenta for, eller dersom vi er pålagt å lagre opplysningane. Opplysningane vil slettast eller anonymiserast når dei ikkje lenger er nødvendige for å oppnå føremålet. Under er ei oversikt over kor lenge vi lagrar dine opplysningar:
- Opplysningar om deg: Dersom du har leigd varebil hos oss og oppgitt ditt personnummer, vert dette lagra i inntil 3 månader etter leigeforholdet er avslutta, med mindre du ber om sletting tidlegare. Opplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse vert lagra i 5 år i henhold til bokføringslova.
- Kjøpsinformasjon:. Vi lagrar transaksjonar og betalingsinformasjon i 5 år i henhold til bokføringslova.
- Opplysningar om bruk på nettsidene: Vi lagrar informasjon om din bruk av våre nettsider i opptil 6 månader.
- Kommunikasjon: Vi lagrar kommunikasjon med våre kundar i tre år, med mindre vi treng å lagre det lenger, t.d. i forbindelse med klager eller krav.
6 Dine rettigheiter
Du kan ha rett til å be oss å:
- Gje deg ytterlegare informasjon om korleis vi behandlar dine personopplysningar.
- Gje deg ein kopi av personopplysningar om deg.
- Oppdatere dine personopplysningar.
- Slette opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag til å oppbevare.
- Avgrense eller stoppe behandlinga av dine opplysningar.
- Motsette deg automatiske individuelle avgjersler, inkludert profilering.
- Gje deg opplysningar du har gitt til oss i ein strukturert, alminneleg anvendt og maskinlesbart format eller, der det er teknisk mogleg, be oss om å overføre desse til ei anna verksemd.
- Trekke tilbake eventuelle samtykker du har gitt oss.
Vær klar over at det finns avgrensingar i desse rettigheitene. Ta gjerne kontakt med oss dersom du vil ha meir informasjon om dette.
Dersom du meiner at vi behandlar personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, vil vi gjerne at du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller oppklara eventuelle misforståingar.
7 Cookies/informasjonskapslar
Vi brukar «cookies» på våre nettsider for å sikre funksjonalitet på nettsida, analysere nettrafikk og sjå kva område på vår nettstad du har besøkt. Ver venleg og les vår cookieerklæring for meir informasjon.
8 Endringar i personvernerklæringa
Vi vil kunne oppdatere personvernerklæringa frå tid til annan. Du vil alltid finne siste versjon av vår personvernerklæring på nettsida.
9 Kontaktinformasjon
Dersom du ynskjer å kome i kontakt med oss, kan du nytte følgande kontaktinformasjon:
Kontaktperson: Daniel Sandal
Telefonnummer: 95558813
E-postadresse: daniel@sandalsupport.no
Adresse: Ytrehovdevegen 47A, 6160 Hovdebygda