Utleige av varebil

Bilen kan køyrast med førarkort kl B og førar må vere over 23 år – øvrige vilkår sjå lenger ned på sida.

Kostnad for leige betalast ved henting/utlevering av bilen, eller på førehand. Øvrige tillegg belastast etterskuddsvis.

Prisar for leige av varebil og pakketilbod:

Dagspris

Kr 1200,- / dag
  • 200 km køyrelengd per dag
  • Påslag Kr 3,- per ekstra km

Fast 10% rabatt ved leige samanhengande meir enn 2 dagar

Halv dag

Kr 800,- / halv dag
  • Leige inntil 8 timar

Korttidsleie har ikkje inkludert km.
Påslag Kr 3,- per km for all bruk.

Helgeleige

Kr 2200,-
  • Fastpris helg
  • Laurdag+Sundag
  • Totalt 400 km køyrelengd

Eventuelle tilleggskostnader:

  • Bompengar/ferjekostnader kjem i tillegg og blir etterfakturert. (med 7 dagar forfall frå utsendelse + adm.gebyr kr 50)
  • Bruk utover inkl. km blir kontrollert og avrekna ved tilbakelevering. Dette vert etterfakturert saman med eventuelle bompengar/ferjekostnader.

Tilleggsutstyr og km-pakke (bør avtalast på førehand)

200 km ekstra

Kr 300,-

Pakkepris på 200 km ekstra utover det som er inkludert (tilsvarer 1,5 kr/km)

500 km ekstra

Kr 700,-

Pakkepris på 500 km ekstra utover det som er inkludert (tilsvarer 1,4 kr/km)

15-3820_xxl_1

Jekketralle

Kr 100/150,- / dag

Kan leigast i kombinasjon med varebil eller separat.

Vilkår for leige av varebil:

Leigetakar/førar:

Førar av bilen må være fylt 23 år og ha hatt gyldig førarkort klasse B i tre år.
Leigetakar er ansvarleg for at eventuelt andre førar(ar) enn leigetakar oppfyller vilkåra som nemnt ovanfor.
Kopi av gyldig førarkort skal leverast/visast til utleigar. Eventuelt sjekkast mot statens vegvesen sitt register ved oppføring av fødselsnr.

Bilen har tillat totalvekt på 3500kg, leigetakar/sjåfør er sjølv ansvarleg for å ikkje overskride denne grensa.

Bestilling:

Ved bestilling underteiknar leigetakar ein avtale, fortrinnsvis digitalt med BankID.
Dette er ein bekreftelse på bestilling.

Leigeprisen:

Leiga betalast på førehand, seinast ved utlevering av bilen.
Dagsleige inkluderer 200 km per dag, utover dette belastast kr 3,- per km; dette blir fakturert samla med eventuelle bompassering/ferjekostnader seinast ei veke etter tilbakelevering av bilen. Dette vil bli kontrollert og avrekna ved tilbakelevering av bilen. Pakke med ekstra km kan kjøpast som tillegg.

Bilen er utstyrt med autopass-brikke. Dersom leigetakar reiser med ferje og/eller køyrer gjennom bomstasjonar vert dette etterfakturert leigetakar.
Etterfakturering medfører tillegg på kr 50,- i adm. kostnad

Bruk av bilen / utstyret:

Bilen utleverast med full tank diesel – og skal leverast tilbake med full tank.
Dersom bilen ikkje er fylt opp med diesel ved tilbakelevering vert det fakturert leigetakar beløp for etterfylling + kr 100,- i gebyr.

Bilen skal ikkje brukast utanfor Noreg utan utleigars samtykke.

Bilen skal leverast tilbake på same stad/adresse som den blei henta, med mindre anna er avtalt.
Dersom bilen blir tilbakelevert seinare enn avtalt tidspunkt utan utleigars samtykke, har utleigar rett til å krevje godtgjersle og eventuelt erstatning for utleigars ulempe.
Dette vert i så tilfelle fakturert leigetakar.

Dersom leigetakar har behov for å forlenge leigeperioden, pliktar ein å straks gje beskjed til utleigar.
(dette forutsetter at bilen faktisk er ledig utover opprinnelig avtalt periode)

Stell av bilen / utstyret:

Leigetakar skal passe godt på bilen og utstyret som følgjer med.
Utstyret og bilen skal leverast tilbake i same stand som ved utleveringstidspunkt.
Leigetakar må rydde etter seg både i kupé og lasterom før tilbakelevering.
Dersom bilen er vesentleg skitten/rotete ved innlevering kan det krevjast gebyr inntil kr 500,-

Avbestilling:

Eventuell avbestilling av leige skal skje seinast 24 timar før avtalt henting av bil.
Dersom avbestilling skjer mindre enn 24 timar før avtalt henting vert det fakturert 30% av avtalt leigesum.

Bøter/avgifter:

Leigetakar er sjølv ansvarleg for alle parkeringsforhold på offentleg eller private parkeringsplassar. Leigetakar pliktar og omgåande betale eventuelt gebyr for feilparkering. Dersom utleigar får tilsendt parkeringsgebyr for forhold gjort i leigetakar si leigeperiode vert dette vidarefakturert leigetakar + kr 100,- i gebyr.

Forsikring:

Leigeprisen inkluderer kasko og ansvarsforsikring. Ved ansvar eller kaskoskade må leigetakar betale eigenandel på inntil kr 5000,- pr. skade.
Ved glasskade er eigenandelen kr 2500,-
Det anbefalast at leigetakar har eigen reiseforsikring.
Ved bilberging er eigenandelen kr 500,- (betalast av leigetakar dersom ikkje anna er avtalt.)
Ved feil påfylling av drivstoff , bruk av raud diesel eller annen skade som leigetakar er ansvarleg for og som ikkje dekkast av kaskoforsikringa, må alle utgifter dekkast av leigetakar.

NB! Ved skade må det fyllast ut skademelding.